Vats Gardsmat logo  
- unn deg mat av høgste klasse!  
line decor
  
line decor


Vats Gardsmat
3570 Ål i Hallingdal

Tlf: 9546 7688
post@vatsgardsmat.no

 

Ål i Hallingdal, sykling, fisking, vandring, sauekjøtt

Følg Vats Gardsmat på Facebook
 
 


 
 
VANN KALV I KORTSPEL

Det ha vøre lag i bygde og der vart det spela kort. Det va`kje nokon som spelte seg frå gard og grunn, men me vann no lell ein slakteferdig kalv tå typen Hereford.

Denna ha me delt upp og gjort klar te å etast. Du kan no få kjøft noko tå kort om du bærre tek kontakt på e-post ell talatut (9546 7688).

Detta e varudn tå kalv:

  • Kalvesteik
  • Koteletta
  • Filet
  • Kjøttdeig
  • Kalverull

LAMME LAMMEKARBONADU

Du har kansji høyrt tala om slike karbonadu. Det era slike runde kaku tå kvednakjøt. Dei høve gødt ved sea tå steikt egg, som pålegg (ja ikkji slike kommunale pålegg, men slik te å ha på skjivudn) ell med kantøfla og tyting som nons (meddag).

Ja, detta va kansji ikkje den støste nyhendinga du ha lese i dag, men det som no kjem e stort det. Førr no ha me i Vats Gardsmat laga eigne lammekarbonadu. Dei fær du kjøft i pakku med åtte kaku førr hundre kronu. Duvele mykje gødt førr lite me peng.

NB! Det e på sin plass å bemerke at detta e snakk om både lamme karbonadu og lammekarbonadu. Sea detta e karbonadu som hverken kan gå på hendadn ell føto og ei helde røre på noko anna - so era dei lamme karbonadu. Samstundes era dei lammekarbonadu sea dei era laga tå lammekjøt.

SAUESANKJINGI GJEKK BRA

Me voro temmele heldige å fann at det meste tå saui uppi åsen i år me. Det viste seg at både gråbein og bamse brakar hadde vøre temmele vene med uss - so då bi`re julemeddag på dekan i år me :-).

So no era me gødt i gong med å laga te både pinnekjøt og alt anna gødt som du kansji ha hug om å få fatt no te jule.

Kan hende ha du me fått med deg at det i år e noko knapt med både pinnekjøt og ribbe (sea ribbe bi laga ta grisa, kan ikkji me hjølpe de med slikt lell - ell jo me ha jo slakta eit par lokale gamle grisa me - so ribbe kunn du få kjøft det me), so huks å tinge varudn i god tid.

Ring uss på talatuten 9546 7688 førr å bestille varu og avtala levering.

ULTIMAT HEVN FOR HYTTEEIERE

Er De en av hytteeierne som har sett deg lei på at de frittgående ulldottene (sauer og lam) gjør fra seg på din eiendom og kanskje liketil på din terrasse eller hyttetrapp?

Nå har De muligheten til å oppnå den ultimate hevnen. Bestill pinnekjøtt fra Vats Gardsmat og spis opp dyrene som gjør ugang på din eiendom.

Bestill her og nå ...

(Skrevet på riksmål for å være forståelig for fintfolk også :-))

BESTILL HER

Ring gjedne på talatut 9546 7688 førr å sjekke at me ha køme uss ut or fjøse og inn i utsalet!

Ell ha du ikkji hug om å sjå uss og helde vil væra ute i fjellet, bestille du bærre via nettsiudn

"SLÅV FUD" FRÅ VATS

Slow food er motstykket til fast food. Mat laga av lokale råvarer og med kjærleik til både dyr og menneske.

Vats Gardsmat er eit firma etablert av tre lokale bønder som ynskjer at deira dyr skal gje deg ein utvida matopplevelse. Her er opphavet til din mat garantert.

Alle dyra kjem frå gardane i Vats i Ål. Dyra har mellom anna gått ute på beite i Bergsjøområdet.

Bruk denne nettstaden til å bli betre kjend med firmaet, produkta og ikkje minst korleis du best kan tilberede råvarene slik at du får eit minnerikt måltid.

 
 

 
 

Bergsjølam
Lam som har fått løv te å nyte sumaren i Bergsjøområdet har ein eigen smak tå naturen …
Les meir!.

Sau i hallingdal

 Hallingkost