Vats Gardsmat logo  
- unn deg mat av høgste klasse!  
line decor
  
line decor


Vats Gardsmat
3570 Ål i Hallingdal

Tlf: 9546 7688
post@vatsgardsmat.no

 
 


 
 
VATS GARDSMAT

Sumaren 2006 bestemte tre sauebønda i Vats seg for at dei sjølve ville foredle dei eksklusive råvarane fra "lokalbeita" dyr.

Etter nøye planlegging er no selskapet Vats Gardsmat etablert og står no klare for å levere dei fyste sjølvproduserte matvarer.

Alle dyr som vert nytta kjem frå gardane i Vats og dei har beita utandørs i Bergsjøområdet heile sumaren.

Dette er "slow food" og her er det brukt god tid til foredling gjennom mørning, speking også bortetter.

Vats Gardsmat leverer mellom anna pinnekjøt til jul og spekemat når gauken galer.

Det blir og levert ei rekke andre spesialprodukt, som du finn meir informasjon om her …

 
 

 
 

Jan Ole Hovdegard
Dagleg leiar i Vats Gardsmat og sjølvsagt sauebonde. Driv garden Nordre Hovdegard økologisk - heilt utta kunstige tesettingsstoff.

Einar Ådnegard
Nattleg leiar og sauebonde. Einar driv garden Arnegardhaugen, som oldefar hans vann i pokerlag, og har omlag 70 vinterfora søyer.

Lars Ivar Brattegard
Som henta rett ut frå Felleskjøp-katalogen framstår Lars Ivar Brattegard som ein staut og truverdig bonde! Driv garden Nedre Brattegard.

vats gardsmat
(NB! avbilda modellar avvik noko frå omtala persona ovanfor)

Hallingkost