Hallingvin 2008
Me hadde hug om å laga ein vin som e verdig maten her uppe, ja heit øvst uppe, i Hallingdal. Ja so me pakka me uss all den lokale maten me fann hjå gardbrukera, hotell og butikka i heile dalen.
Terje frå Bardøla og Jette frå Himmelspannet sette seg so på flyet te Portugal. Væl framme lånte dei eit restaurantkjøkken og laga hallingtapas og anna hallingmat - nett slik det bia gjort her heime. So loto dei lokale vinprodusenta smake førr å finne den rette druekombinasjonen førr å laga ein perfekt vin førr vår eigen mat!
Raud Halling
Denna vinen e laga tå 35% Merlot, 25% Alicante Bouschet, 25% Cabernet
Sauvignon og 15% Tinta Roriz.
Vinen er lagra på eikefat i omlag seks månada, noko som ikkji hadde lete seg gjera i Vats førr denna e so god at me hadde drøkke ho upp lenge fyri det!
Cabernet Sauvignon bidreg med tannina, og gjev vinen ein god struktur. Den har
og med seg smaken tå solbær og plommu.
Alicante Bouschet e ei lokal drue (ikkji frå Vats, men frå Vidigal i Portugal - som me væl å kalle lokalt nett no), som gjev vinen god farge,
tannin og fruktighet.
Merlot bidreg med frukt, og gjev vinen ein blautere karakter.
Tinta Roriz gjev vinen syrle, og smak tåkrydder
Denna vinen ha rikele med tannina, og e best egna te kraftige matretta som
lam, vilt og gryteretta.
Kvit Halling
Denna vinen e laga tå 100% Sauvignon blanc. Den e gjæra og lagra på
ståltank.
Stikkelsbær e den kraftigaste eimen i vinen, men den ha me grøne
eplu og sitrus i smaken. Den ha god syre, og e gødt egna til fisken
og ostane som bia produsert i Hallingdal.
Kvit og Raud Halling fær du kjøft på Polet på Gol og på Geilo - og ettekort me på Nes.
ANNA HØVELE VIN
Kvite vina
Dopff & Irion Gewurztraminer 2007 - Frankrike/AlsaceGewurztraminer e den fruktigaste tå dei fruktige druun i Alsaceområdet i Frankrike. Den ha me ein karakteristisk lukt/aroma - rik, sjarmerande og noko krydra. Denna vinen e turr (ikkji slik som vatsinga meine med turr vin, altså at flæska e tom, men at det e lite att tå sukkeret ette gjeringa) og frisk.
Det krydra preget gjer at denna vinen høve gøtt te blant anna røyka kjøtt - nett det du fær kjøft hjå Vats Gardsmat.
Polnummer: 74101
Masi Masianco 2007 - Italia/Venezie
Denna spenstige italienske nytelsen e samansatt tå druun Pinot Grigio og Verduzzo. I motsetnad te mange tå dei are vinan på marknaden - ha dessa to druetypudn vørte bearbeida separat - og har såleis fått utvikla både smak og aroma på kor sin optimale måte fyri dei vært blanda i hop og tebringje den siste tide i lag.
Vinen ha den karakteristiske strågule færga og kan såleis minne noko om jordegras som ha stått lite førr lenge i turketide (bærre i færga - ikkji i smak). Det dufta tå sitrus, aprikos, honning og noko so eksotisk som turka fiken (det e no greit å lesa detta slik at du kan meske deg i gode lag). Det e ein frisk og fruktig vin med bra balanse (denna fell ikkji ut or glaset) og deilig ettersmak.
Detta e ein temmele lettdrikkandes vin og høve blant anna gødt te forretta tå skalldyr og fisk. På den måten eit gødt suplemant te sauekjøt frå Vats Gardsmat.
NB! Bestillingsutvalget. Polnummer: 4222101
Raude vina
Altana DOC 2006 - Portugal/Douro
Kansji Charles Symington og Pedro Correia era gamle kjenninga førr deg. Ja då veit du alt no at detta e ein vin som e laga tå nokon tå dei ypperste vinmakeradn i Europa.
Dessa karadn ha blanda i hop druudn Tinta Roriz (70%) og Touriga Franca (30%). Slik ha dei klart å laga ein rubinraud vin med pågåande aroma tå modne bær og blomu. Den e vælbalasert og rik på fruktige smaka. Te og med ein god og lang ettersmak.
Vina høve gødt te både lyst og mørkt kjøt!
NB! Bestillingsutvalget. Polnummer: 5666201
Brown Brothers Shiraz 2006 - Australia/Victoria
Shiraz e ei tå verdas gamlaste druu. Ja ikkji slik å tyde at ho ha ligge lenge førr å bia førderva fyri ho bi te vin, men at det e ei tå dei druudn dei ha dyrka i flest år.
Detta e ei kraftig og smaksrik drue, som lika se svært gødt i Australia. Detta gjer at vina fær god fylde og lukt tå raude bær og frukti, krydder og faktisk me lite solbær.
Ettersmaken e lang, saftig og elegant - omlag som ei velforma budeie innst inni Vats.
Polnummer: 260201
Masi Passo Doble 2007 - Argentina/Mendoza
Argentinske vinbønda era blant anna glade i druudn Malbec og Corvina. Noko som e grunnlaget førr denna Masi Passo Doble frå 2007.
Druudn gje vina ein djup raudfærge med kraftige og pågåande lukti tå modne bær og eit snev tå kryder.
Høve gøtt te blant anna lam.
Polnummer: 4182301
BRENNEVIN MED ETIKETT PÅ FLESKUDN
Nansen Akevitt Polnr. 5669001
Larsen cognac VSOP Polnr. 3288201
Nansen cognac XO Polnr. 3367301
|