VATS GARDSMAT

HANDVERK I PRAKSIS GJEV KVALITET PÅ MATFATET

Sumaren 2006 bestemte tre sauebønda i Vats seg for at dei sjølve ville foredle dei eksklusive råvarane fra «lokalbeita» dyr.

Alle dyr som vert nytta kjem frå gardane i Vats og dei har beita utandørs i Bergsjøområdet heile sumaren.

Dette er «slåv fuud» og her er det brukt god tid til foredling gjennom mørning, speking også bortetter.

Vats Gardsmat leverer mellom anna pinnekjøt til jul og spekemat når gauken galer.

Det blir og levert ei rekke andre spesialprodukt.

DEI STAUTE BØNDANE BAK SUKSESSEN

DET ER TYPISK VATSING Å VÆRA GOD I EITT ELLER ANNA!

Jan Ole Hovdegard

Dagleg leiar i Vats Gardsmat og sjølvsagt sauebonde. Driv garden Nordre Hovdegard, der han har bygdas tøffaste saui (gammalnorsk spælsau).

Einar Ådnegard

Nattleg leiar og grasprodusent. Einar driv garden Arnegardhaugen, som oldefar hans vann i pokerlag.

Lars Ivar Brattegard

Som henta rett ut frå Felleskjøp-katalogen framstår Lars Ivar Brattegard som ein staut og truverdig bonde! Driv men nokre kvite spælsaui på garden Nedre Brattegard og fem are temmeleg bratte gardar rundt om i bygde.

NB! Biletet til høgre kan avvike noko frå omtala personar ovanfor.

ÅPNINGSTIDU OG SLIKT

ME ERA ALLTID TE TJENESTE MOT FORTJENESTE!

Hjå uss i Vats Gardsmat e det meirsom åpent og stengt når som helst, men me pla i det minste å væra temmeleg sikre på at butikken e upplest mondaga te lurdag myljo 11 og 17 frå 1. september te jul, samt i vinterferiadn og påska.

Utover detta kan åpningstiudn våre variere mykje, så det kan nøk væra lurt å slå på tråden, ell rettar sagt på tradlausen, slik at du e heilt trygg på å ikkji væra den einaste i butikken når du kjem.

Du treff ein tå uss på telefon 9546 7688

KORR I VÆRDA FINN DU USS?

KAN DET VÆRA NOKO TVIL OM DET?

I sjølvaste Vats, den venaste vene fjellbygda i Ål kommune i Hallingdal, finn du Vats Gardsmat.

Hit kjem du korkje med fly ell tog, ei heller med båt. Hit kan du ta buss, sykle, gå ell kan hende med bil.

Vegen me anbefalar deg er å følgje riksveg 7 til Gullhagen, nokre få kilometer nedom Ål, førr so å følgje skiltinga te Vats.