Du har kanskje hørt tala om ho. Grenda lengst inn i dei om lag lovlause nordbygdin i Ål. På folkemunne kallas hos Vass, men på kartet kan du sjå – ja om du nyttar glasaugo og myser lite – at ho eigentleg heiter Vats.
Ei bygd med eit folk som på mange høve har levd isoslert og temmeleg åleine der uppe, høgt der uppe i fjella. I ei bygd der postkontoret vart lagt ner ei god stund fyri sjølve postombæringa vart etablert i Noreg. Ja heilt der uppe, der ingen skulle tru at nokon kunne bu, bur det framleis eit folkeslag som livnærar seg av dei nære ting som naturen gjev dei.
Då bilen kom seint på nittitalet vart livet totalt endra for dei som då budde i Vats, ell Vass som dei sjølve sea. Det kom folk utanfrå, og einkor tok turen ut or bygde og var kan hende for fyste gong uttaom nordbygdin. Dei vart kjende me ei ny verd. Ei verd påverka tå kapital, status, jag og mas.
Vatsingadn som te no hadde livnæra seg på eit vis der dei bytta seg i myljo, fekk no pengar myljo henda. Byfølk kjøfte upp stølsvolladn, gardshusa og mykji meir – ja sjølv sauidn vorto solgt ut or bygdi.
Åre gjekk og einkor tå vatsingadn lærte seg å telje peng, og skjønte ettekort at dei store leverandøradn tå uppdelte saueskrotti tente duvele mykje tå dessa pengadn. Og slik, ja nett slik fann dei ut at deis kull ta seg tå detta med å gjera daue saui te eitrandes god mat sjølve.
So sumaren 2006 bestemte tre sauebønda i Vats seg førr å bryte upp med det kapitalistiske storsamfunnet og helde sjølve ta seg tå dei eksklusive råvarudn frå deira eigne lokalbeita saui.
Dei tre bøndadn era dagleg leiar Jan Ole Hovdegard, som sjølvsagt e sauebonde og driv garden Norde Hovdegard på slik økologisk basis – heilt utta kunstige tesettingsstoff. Einar Adnegard e nattleg leiar, han driv garden Arnegardhaugen som goffa te goffaen hass vann i eit pokerlag. Den siste guten e Lars Ivar Brattegard, han e som henta rett ut or Felleskjøpkatalogen og framstår som ein staut og truverdig bonde.
Alle dyra som vert nytta hjå Vats Gardsmat kjem frå bygde å ha beita heile sumaren i Bergsjøområdet. Dette ei såleis stuttreist rolegmat (slow food), der det e nytta god tid te foredling gjønnom mørning, speking også burtetter.