Høppa tå i svingen!

E va nett vørte sekstan og hadde tikji te på viaregåande uppå Ål. Ny skule og nye klassekamerata. Nokon tå dessa voro slike sprekinga frå Geilo, som blant anna sykla ein del.
Dei voro ikkji bærre spreke, det viste se me at dei voro nokon tøffinga som tura full og reiv postkassu i heljidn. E førr min del va ikkji særle tøff e, so e nytta helde heljidn te å vaske talikka på Pærs Hotel på Gol.

So e fatta ikkji so mykji når dessa geilingadn svalla og skraut tå heljis bravada. E trudde jo bærre gøtt om slik sprek idrettsungdom e …

Dei nemde titt og øfto at dei hadde vøre på tur med ei Thea. Dei skraut og skråla om at det hadde gøtt duvele snøgt, so snøgt at dei knapt hadde røkke å høppe tå i svingen fyri det bar or … Ja førr utta gummi va det tryggast å høppe tå fyri noko gale skull hende.

E skjøna ikkji stort tå ko som kunn vera so gjilt med å høppe tå i svingen, ja førr det måtte jo væra sykling dei svalla om. Ikkji fatta e at det va noko forskjell på å sykle i svinga med slangelause dekk, ja i stella førr vanlege hjul med gummislanga hell. Du veit det køsta ekstra førr slike hjul, ek`je alle som kan unne se slikt må veta!

E va`kje tå dei kule på skula, e va meir det motsette. Ein noko stuttfallen kar med meir dråpefårma krøpp. Ja e va so smal øve eksladn at skulesekken bærre sklei neråt og stoppa fyst like ovom vomme. So det e vel ei kjensgjerning at detta med jentu ikkji låg heilt førr me.

Ja koss kunn e bli ein kul kar – e funderte lenge og væl. So kom e på at me hadde ei jente te i klassen. Ikkji heilt sama standard som ho Thea, men det e ikkji alle forunt å plukke frå den øvste hylla.

Dessutan va det ein førrdel te me ho Hjørdis, som voro frå Vats og hadde sama far og onkel, ho hadde nemle knappast noko sidesyn. So om e bærre stelte me noko te sies førr ho – ja so kunn det jo væra slik at ho ikkji såg me og svara ja i rein refleks.

So seint ein fredag, ja seint på skuledagen, tok e te mot og stelte me upp noko te høgre førr ho Hjørdis. Stoltra fram og lurte på om ho kunne tenkje seg å væra med på ein tur – ja ein sykkeltur i helji.

E hadde duvele tur, førr ho svara ja. Og når lurdags eftan kom voro me klare te in tur innpå åsen uppi Vats. Ho va sprek med føto denna jenta, so det gjekk radigt innete grusvegan.

Ette eit bel bar det attende mot bygde. Me nærma uss Tullegardan og e trøkka upp på sia tå ho. Ell rettar sagt noko frammom slik at ho såg me. Ikkji noko tetalandes syn der e nytta væl tettsitjandes kleu og hadde antydninga te bar valke myljo sykkelbroke og skjurta.

”E bruka gummi”, sa e og glisa gødt. ”Bra – førr det e tryggast førr uss båe”, svar ho. E vart forundra. Om det va tryggar å sykle med gummislanga enn med slangelause hjul. Koffor sykla då dei tøffe karadn med slangelause dekk då? Om dei voro mindre utrygge kunn dei jo sykle snøggar inn i svingadn med gummi enn utta.

E fatta mindre og mindre. Men lell – e ville me bi ein tå dei kule karadn og når e endele hadde fått lurt me me ei jente på sykkeltur – ja då skull e gje tå me sjølv e me!
Det nærma se Vats, so no måtte noko skje. E kunn jo ikkji vente te me voro heime på garden hjå ho Hjørdis. E kunn jo ikkji høppe tå når føreldra hennar såg på …
E bestemte me. No skull det skje. Det gjekk styggfort, tyngdekrafta bidrog te det. Lell tråkka e te og for frå ho Hjørdis. En krapp høgresving nærma seg. I ytterkant va det ei grøft og nåkre halvsvære steina fyri det va noko bjørkeskog utette skråninga.
E ga alt e kunna – det va no ell alder … Svingen nærma seg – e tråkka te og reiste me upp. La inn ein liten sving te høgre og pressa inn bremsudn på framhjule. Det stastod og e fekk ein ekstra dytt i det e satsa alt e kunn å høppa tå sykkeln.
E trudde alder e skull lande, men gjorde det lell. Fyst med panna, so va det nasen som skrubba burtette småsteinadn fyri e fekk bremsa upp noko med tennadn i undekjaften.

I det e følte at det meste nøkk va undagjort traff eksla ein eiskle svær stabbestein og kasta me upp i ei lita bjørk. Bjørka va`kje heilt sterk nøkk førr me, so ho braut saman og e gjekk kast i kast nedette skråninga og braut eine handa.
”Jizez – hva har intruffet Dem?” Undra ein tå geilingadn tå e kom på skula mondagsmørgon med brøte arm, blåveis, nøkle færre tenna og åtte sting i panna. ”E va på tur me ho Hjørdis og høppa tå i svingen!” – svara e.

”Heftig – hun må det være fart i, hun skal jeg bli kjent med”, svara geilingen.
Ette det va e plutsele tøff nøk e me, sjølv utta å heilt fatte ko som va so gjilt me å høppe tå i svingen … E ha alder høppa tå i svingen ette detta!